Norske menn og etternamnsval i heterofile forhold
DOI:
https://doi.org/10.7557/5.5046Keywords:
Etternamn, parforhold, mannlighet, umannlighetAbstract
Medan talet på norske kvinner som bytar til sin mannlege partnars etternamn har minka dei siste 15 åra, står talet på norske menn som tek etternamnet til ein kvinneleg partnar stabilt på 5-6%, også i 2018, i følgje ei undersøking gjennomført i høve doktorgradsprosjektet mitt. Eg undersøker forteljingar om etternamn frå 63 mannlege bytarar og 97 menn som har heldt på oppvekstnamnet sitt, samla inn, hovudsakleg gjennom kvalitative spørjelister med supplerande intervju.
Fleire mønster er tydelege på tvers av forteljingane. Oppfatningar av tradisjonar speler inn for begge gruppene med menn. Det same gjer ulike forståingar av identitet. Medan individ blant begge gruppene med menn kom inn på temaet likestilling i sine forteljingar, var det berre bytarane som var innom humor på kostnad av etternamnsvalet sitt i sine forteljingar. Måtane dei ulike mønstra kom til synes i forteljingane på, varierte mellom dei to gruppene med menn, men også innanfor dei to gruppene kunne det vere stor variasjon i kva og korleis mønstra vart vektlagd og tillagt meining. Bak ligg ulike forståingar av kva som inngjekk, og kunne inngå, i det mannlege og umannlege.
Mest sentralt hos flest sto likevel kjernefamilien og oppvekstfamilien. Med hovudvekt på forteljingar om forholdet til familien, går eg i dette innlegget nærare inn på menn sine etternamnsval. Eg søker å svare på: Korleis speler familien inn i etternamnsvala? Korleis spela vektinga av, og innanfor, dei ulike mønstra inn i at nokon valde å byte namn medan andre ikkje gjorde det? Og vidare: Korleis skilde gruppa med bytarar seg frå gruppa med menn som heldt på oppvekstnamnet sitt?