Språkpolitikk og (u)synleggjering i det semiotiske landskapet på Universitetet i Tromsø
DOI:
https://doi.org/10.7557/12.2472Keywords:
språkpolitikk, Universitetet i Tromsø, semiotisk landskap, samisk i Tromsø, minoritetsspråk, kvenskAbstract
I denne artikkelen analyserer vi det semiotiske landskapet som famnar om og er ein del av staden Universitetet i Tromsø (UiT), inkludert Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN). Analysen bygger på eit todelt datamateriale som omfattar fotografi frå universitetsområdet i tillegg til relevante dokument om språklovgjeving og andre offisielle vedtak om språkbruk. Dei aktuelle språka er norsk (bokmål og nynorsk), nordsamisk, engelsk og kvensk/finsk. I tillegg blir ymse slag visuelle symbol underkasta analyse. Også kunstnarleg utsmykking blir kort omtala. Vi viser korleis synleggjering av ulike språk på UiT er eit resultat av språkpolitikk på ulike nivå, men også er påverka av meir implisitte faktorar som lokale og nasjonale språkhierarki og, ikkje minst, konstruksjonen av ein regional institusjonsidentitet som blir uttrykt gjennom det semiotiske landskapet meir generelt. Som ramme rundt denne analysen gjer vi dessutan ein ekskurs til det som i 2011 utløyste ein intens debatt i Tromsø kommune, nemleg spørsmålet om kommunen burde eller ikkje burde bli innlemma i forvaltningsområdet for samisk språk. Den måten denne problemstillinga er blitt takla på av politiske organ i kommunen, og ikkje minst debatten om den i medieoffentlegheita, står i skarp kontrast til den fleirspråklege freden som omgjev universitetet og universitetssjukehuset.Downloads
Published
2013-01-30
Issue
Section
Articles
License
Authors who publish with this journal agree to the following terms:
- Authors retain copyright and grant the journal right of first publication with the work simultaneously licensed under a Creative Commons Attribution-NonCommercial License that allows others to share the work with an acknowledgement of the work's authorship and initial publication in this journal.
- Authors are able to enter into separate, additional contractual arrangements for the non-exclusive distribution of the journal's published version of the work (e.g., post it to an institutional repository or publish it in a book), with an acknowledgement of its initial publication in this journal.
- Authors are permitted and encouraged to post their work online (e.g., in institutional repositories or on their website) prior to and during the submission process, as it can lead to productive exchanges, as well as earlier and greater citation of published work (See The Effect of Open Access).