Nyeste utgave

Nr. 2 (2024): Samfunnsplanlegging gjennom 50 år. Tverrfagleg utdanning for lokal og regional utvikling

I 1974 starta undervisninga i “Samfunnsplanlegging og lokalsamfunnsforsking” ved det nye  Universitetet i Tromsø. Få år seinare kom liknande studiar i gang ved høgskolane i Volda og Lillehammer. Inspirert av Ottar Brox og hans oppgjer med den statleg styrte planlegginga blei det utvikla eit tverrfagleg og praktisk retta studium, meint å skulle tilføre ein alternativ plankompetanse, til nytte for kommunar og fylke.

Å drive eit tverrfagleg studietilbod har ikkje vore enkelt i eit akademisk system som er bygd på fagdisiplinar. I boka kjem det fram kor viktig engasjementet til studentane har vore, og likeins korleis samarbeidet med praksisfeltet har prega undervisning og forsking.

Publisert: 2024-10-25

Hele utgaven

Redaksjonelt

Vis alle utgavene