Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen er vertskap for SONE-konferansen i april 2020:

https://hvl.no/forsking/konferanse/sone-konferanse/

Det overordna temaet for konferansen dette året er «Skriftspråk som kjelde til talespråk», men også foredrag om andre sosiolingvistiske tema er velkomne. 

Inviterte føredragshaldarar i år er:

Steffen Höder frå Universitetet i Kiel

Unn Røyneland frå Multiling ved Universitetet i Oslo

Konferansen går primært føre seg på skandinaviske språk.

Det er inga deltakaravgift. Nytt av året er at SONE-konferansen støttar reise og opphald for fire masterstudentar med inntil 5000 kr. Masterstudentar som ønskjer å søke om ei slik støtte skal sende inn samandrag, tilråding frå rettleiar og eit enkelt budsjett til randi.neteland@uib.no innan 15. februar.

Rammene for føredraga er 20 min. innlegg. Masterstudentar som ønskjer det, kan ha kortare innlegg på 10 min. Samandrag skal sendast til randi.neteland@uib.no innan 15. februar.