“Vet du ka som er en kombinasjon?”

Dei tidlege språkvala til tre barn i fleirdialektale miljø

Forfattere

  • Anette Briksdal Universitetet i Oslo

DOI:

https://doi.org/10.7557/17.6766

Emneord (Nøkkelord):

språksosialisering, barnespråk, språkval, prosodi, fleirdialektale barn, leseuttale, standardtalemål

Sammendrag

Forskingsspørsmålet denne artikkelen tek opp, er korleis morsdialekta, dialektene i familien og i nærområdet og ei oppfatning av standard­talemål kan påverke barn sine tidlege språkval. Artikkelen utforskar talemåla til tre barn over tid og diskuterer årsakene til språkvala dei gjer. I tillegg blir dei prosodiske draga og utviklinga av desse i talemåla til barna under­søkte. Dei to første informantane er jentene Sol og Snø, som det har blitt tatt opptak av i kvardagslege situasjonar då dei var 2;2–4;6 år. Den tredje informanten er Måne, veslebroren til Sol, som det har blitt tatt opptak av då han var 1;9–2;9 år. I tillegg har mødrene til barna bidratt med observa­sjons­data. Som mor til Sol og Måne har eg hatt moglegheita til å samle inn data kontinuerleg, medan datamaterialet av Snø har blitt innhenta på tre tidspunkt med om lag eit års mellomrom. Ein kan høyre at alle tre barna har trekk frå morsdialekta, men det varierer i kor stor grad og kor lenge trekka blir bevarte. Faktorar som innputt frå besteforeldre og eldre sysken og periodar med fråvær frå barnehage, verkar å gje utslag på barna sine talemål. I tillegg er flytting til fars heimstad avgjerande for språkutvikl­inga til Snø. Vi kan også sjå at alle tre informantane, uavhengig av dialektene dei høyrer rundt seg, på ulike tidspunkt orienterer seg mot ei form for standardtalemål, kanskje formidla gjennom leik og lesing. Denne artikkelen kartlegg altså språkvala til desse barna og diskuterer korleis dei kan vere eit uttrykk for styrkeforholda mellom dei ulike agentane for språksosialisering.

Forfatterbiografi

Anette Briksdal, Universitetet i Oslo

Ph.d.-stipendiat, Institutt for lingvistiske og nordiske studier

Referanser

Astruc, L., Payne, E., Post, B., Del Mar Vanrell, M. & Prieto, P. (2012). Tonal targets in Early Child English, Spanish and Catalan. Language and Speech, 56(2), 229–253. https://doi.org/10.1177/0023830912460494

Bäckeper, E. & Liljebäck, A.-M. (2014). Dialektanvändning hos barn med typisk utveckling: En jämförande studie mellan östgötska barn i olika åldersgrupper. [Magisteruppsats]. Linköpings universitet, Hälsouniversitetet.

Briksdal, A. (2022). Fleirdialektale born si språkinnlæring: Ein empirisk studie av dialektutviklinga til tre born. [Masteroppgåve]. Høgskolen i Østfold. HiØ Brage. https://hdl.handle.net/11250/3016320

Brøseth, H., Eide, K.M. & Åfarli, T.A. (2019). Språket som system: Norsk språkstruktur. Fagbokforlaget/LNU.

Bugge, E. (2016). Norske barns språksosialisering og språklige praksisfellesskap. Norsk Lingvistisk Tidsskrift, 34(1), 63–82. https://ojs.novus.no/index.php/NLT/article/view/1290

Bull, T. (1996). Tromsø bymål. I E.H. Jahr & O. Skare (red), Nordnorske dialektar (s. 175–180). Novus forlag.

DeKeyser, R.M. (2013). Age effects in second language learning: Stepping stones toward better understanding. Language Learning, 63(1), 52–67. https://doi.org/10.1111/j.1467-9922.2012.00737.x

De la Piedra, M. & Romo, H.D. (2003). Collaborative literacy in a Mexican immigrant household: The role of sibling mediators in the socialization of pre-school learners. I R. Bayley & S. Schecter (red.), Language and Socialization in Bilingual and Multilingual Societies (s. 44–61). Multilingual Matters. https://doi.org/10.21832/9781853596377-006

Fossheim, M. (2010). Språket på Midøya: En sosiolingvistisk oppfølgingsstudie av talemålene på ei øy i Romsdalen. [Masteroppgåve]. Universitetet i Bergen. Bergen Open Research Archive. https://hdl.handle.net/1956/4919

Foulkes, P., Watt, D.J.L. & Docherty, G.R. (2001). The emergence of structured variation. University of Pennsylvania Working Papers in Linguistics, 7(3), 67–84.

Hagemann, K. & Søfteland, Å. (2023). Den indre språkkjensla og talespråkleg variasjon som utgangspunkt for grunnleggande grammatikkundervisning. ELLA, 1(1). https://doi.org/10.58215/ella.8

Heide, E. (2020). Kva skjer med talemålet i Oslo og på Austlandet? Ein litteraturkritikk. Norsk Lingvistisk Tidsskrift, 38(2), 227–269. https://ojs.novus.no/index.php/NLT/article/view/1844

Johannesen, J.B. (2003). Innsamling av språklige data: informanter, introspeksjon og korpus. I J.B. Johannesen, S. Erlenkamp, J.T. Faarlund, E. Lanza & A.M. Vonen, (red.), På språkjakt – problemer og utfordringer i språkvitenskapelig datainnsamling (s. 133–171). Unipub forlag.

Johannesen, J.B. (2016). Oslo-språket de siste to hundre år. I H. Sandøy (red.), Talemål etter 1800: Norsk i jamføring med andre nordiske språk (s. 269–300). Novus forlag.

Kerswill, P. & Williams, A. (2000). Creating a new town koine: Children and language change in Milton Keynes. Language in Society, 29(1), 65–115. https://doi.org/10.1017/S0047404500001020

Kristoffersen, G. (2003). Norsk prosodi; 3. foreløpige utgave. [Manuskript til undervisning]. Universitetet i Bergen.

Lødrup, H. (2013). Hvor mange genus er det i Oslo-dialekten? Maal og Minne, 103(2), 120–136. https://ojs.novus.no/index.php/MOM/article/view/330

Mampe, B., Friederici, A.D., Christophe, A. & Wermke, K. (2009). Newborns’ cry melody is shaped by their native language. Current Biology, 19(23). https://doi.org/10.1016/j.cub.2009.09.064

Mæhlum, B. (1996). Dialektal sosialisering i Longyearbyen på Svalbard – “det fruktbare kaos”. I E.H. Jahr & O. Skare (red), Nordnorske dialektar (s. 251–260). Novus forlag.

Mæhlum, B. (2009). Standardtalemål? Naturligvis! En argumentasjon for eksistensen av et norsk standardtalemål. Norsk Lingvistisk Tidsskrift, 27(1), 7–27.

Neteland, R., Selås, M. & Gujord, A.-K. H. (2022). Kor e alle k-ar hen? Variasjon mellom k- og v- i spørjeord blant bergenske barnehagebarn. I R. Neteland & T. Kinn (red.), Han Johan og dei: Veneskrift til Johan Myking ved syttiårleitet. Bergen Language and Linguistics Studies, 12(1), 295–317. https://doi.org/10.15845/bells.v12i1.3518

Nikolaisen, C.A. (2013). Den snille, den slemme og den dumme: En sosioling-vistisk analyse av språkholdninger som formidles gjennom dialektbruk i NRK Super [Masteroppgave]. Universitetet i Oslo. UiO DUO. http://urn.nb.no/URN:NBN:no-38774

Ommeren, R.V. & Kveen, P.M. (2019). Det folkelingvistiske konseptet “tonefall”: Ei sosiolingvistisk utforskning av prosodiens indeksikalitet. Maal og Minne, 111(1), 31–59. https://ojs.novus.no/index.php/MOM/article/view/1655

Røyneland, U. (2010). Vertical convergence of linguistic varieties in a language space. I P. Auer & E.S. Jürgen (red.), Language and Space: An International Handbook of Linguistics. (s. 259–274), Mouton de Gruyter. https://doi.org/10.1515/9783110220278.259

Sandøy, H. (2009). Standardtalemål? Ja, men...! Ein definisjon og ei drøfting av begrepet. Norsk Lingvistisk Tidsskrift, 27(1), 27–49.

Sjekkeland, M. (2005). Dialektar i Noreg - tradisjon og fornying. Høyskole-forlaget.

Smith, J. & Durham, M. (2019). Sociolinguistic Variation in Children’s Language: Acquiring Community Norms. Cambridge University Press. https://doi.org/10.1017/9781316779248

Stjernholm, K. (2013). Stedet velger ikke lenger deg, du velger et sted: Tre artikler om språk i Oslo. [Doktorgradsavhandling]. Universitetet i Oslo.

Strand, B.-M. (2020). Morphological variation and development in a Northern Norwegian role play register. Nordic Journal of Linguistics, 43(3), 289–321. https://doi.org/10.1017/S0332586520000219

Strand, B.-M. (2022). The Roles Role Play Play: The Form and Function of Bilectal Codeswitching in North Norwegian Preschool Childrens’ Role Play. [Doktorgradsavhandling]. UiT Norges arktiske universitet. UiT Munin. https://hdl.handle.net/10037/25836

Vangsnes, Ø.A. (2013). Språkleg toleranse i Noreg: Norge, for faen! Det Norske Samlaget.

Westergaard, M. (2016). Koffer dæm IKKE sir det? Om ordstilling i hv-spørsmål i nordnorske dialekter. Norsk Lingvistisk Tidsskrift, 33(2), 175–199. https://ojs.novus.no/index.php/NLT/article/view/1232

Nedlastinger

Publisert

2025-01-22

Utgave

Seksjon

Artikler