Kvifor ikkje nynorsk?

Eit metaperspektiv på sju studiar om språkbortval i randsoner

  • Ingrid Wold Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU)
Emneord (Nøkkelord): nynorsk, randsoner, språkskifte, målform, hovudmål, den nynorske lekkasjen

Sammendrag

Statistikken slår fast at mange sluttar å bruke nynorsk som hovudmål etter grunn­skulen eller i løpet av vidaregåande. Dette gjeld spesielt i område der nynorsken tidlegare har stått sterkt, og no er under særleg press frå bok­­mål. Kvifor vel så mange bort nynorsk? Dette er språkval som blir gjort av mange ulike individ som ein del av ein større samanheng. Den tospråk­­lege situasjonen i Noreg der dei to språka ikkje har same status i praksis, er sentral i forståinga av denne trenden. Tidlegare har det berre vore gjort geografisk avgrensa enkeltstudiar av slike språkbortval ved skular, medan føremålet med denne artikkelen er å sjå systematisk på eit samla data­grunnlag og dermed kunne seie noko generelt om prosessen. Artikkelen bygger på data frå sju enkeltstudiar om språkval i rand­soner. Materialet inkluderer ei undersøking av nynorsk som hovudmål gjort i Hordaland, Telemark og Rogaland, ein studie frå Valdres i Oppland, og fem master­oppgåver med data frå skular i Hordaland, Møre og Romsdal og Agder. Gjennom ein kvantitativ metaanalyse og ein kvalitativ diskurs­­­analyse freistar eg å identifisere årsakene til at så mange byter til bokmål, og tilby ei forklaring på trenden. For å svare på dette er både grunngjev­ingane til informantane kartlagde og kvantifiserte, og utsegner i intervju og spørje­undersøkingar analyserte. Svært mange elevar i desse områda oppgir mangel på kompetanse som ein grunn til at dei byter til bok­mål. I  tillegg ser det ut til at stigmatiserande haldningar til nynorsk, og at ny­norsk blir sett på som mindre viktig, er sentrale faktorar bak desse vala.

Referanser

Bourdieu, P. 1990. The Logic of Practice. Cambridge: Polity Press.

Bourdieu, P. 1994. Structure, Habitus, Power: Basis for a Theory of Symbolic Power. I N.B. Dirks, G. Eley & S.B. Ortner (red.), Culture/Power/History. A reader in contemporary sociological theory. New Jersey: Princeton University Press, 155–200.

Bull, T. 2004. Nynorsk som minoritetsspråk. Språknytt 3–4/2004, 36–39.

Deer, C. 2012. Doxa. I M.J. Grenfell (red.), Pierre Bourdieu: Key Concepts 2. utg. Abingdon, Oxon: Routledge, 114-125.

Eiksund, H. 2015. Mellom borken og veden: Ungdom på jakt etter ein nynorsk identitet. I H. Eiksund og J.O. Fretland (red.), Nye røyster i nynorskforskinga. Oslo: Samlaget, 36–47.

Eiksund, H. 2019. Språkpraksisar i randsona: Eit portrett av ein hovudmålsbytar. I Målbryting, 10, 49–76. https://doi.org/10.7557/17.4971

Garthus, K.M. K. 2009. Rapport om språkskifte i Valdres. Oslo: Noregs Mållag.

Grepstad, O. 2012. Draumen om målet. Tilstandsrapportar frå Norge og Noreg. Oslo: Samlaget.

Grepstad, O. 2015. Språkfakta 2015: Ei forteljing om språk i Noreg og verda gjennom 850 tabellar. Ørsta: Nynorsk kultursentrum.

Hårstad, G. 2018. «Du vel nynorsk fordi bokmål er lettare då, liksom» Ein sosiolingvistisk studie av språkval og språklege ideologiar hjå ungdomsskuleelevar i Midt-Gudbrandsdalen. Masteroppgåve i norskdidaktikk. Trondheim: NTNU.

Idsøe, T. 2016. Er nynorsk vanskeleg, eller er det berre ein vane? Ei undersøking av språkskiftarar og nynorskbrukarar frå eit kjerneområde, ei randsone og eit språkdelt område i Hordaland. Masteroppgåve i nordisk språk. Bergen: Universitetet i Bergen.

Jørgensen, M.W. & Phillips, L. 1999. Diskursanalyse som teori og metode. 1. utg. Fredriksberg: Roskilde Universitetsforlag.

Keller, R. 1994. On Language Change: The Invisible Hand in Language. London: Routledge.

Kleggetveit, I. 2013. Eg eller jeg? – Ein studie av forhold som kan påverke valet mellom nynorsk og bokmål hos ungdom i Indre-Agder. Masteroppgåve i nordisk språk. Kristiansand: Universitetet i Agder.

Krogsæter, M.N. 2017. «Eg føler nesten at me har berre eitt skriftsspråk no, at det er bokmål»: ei sosiolingvistisk undersøking av hovudmålsval og språkskifte hos elevar i ungdomsskulen og i vidaregåande utdanning. Masteroppgåve i nordisk språk. Trondheim: NTNU.

Kultur- og kyrkjedepartementet. 2002. Målbruk i offentleg teneste. St.meld. nr. 9 2001–2002.

Kultur- og kyrkjedepartementet. 2003. Kulturpolitikk fram mot 2014. St.meld. nr. 48 2002–2003.

Kultur- og kyrkjedepartementet. 2008. Mål og meining – Ein heilskapleg norsk språkpolitikk. St.meld. nr. 35 2007–2008.

Kunnskapsdepartementet. 2008. Språk bygger broer – Språkopplæring og språkstimulering for barn, unge og voksne. St.meld. nr. 23 2007–2008.

Phillipson, R. 1992. Linguistic Imperialism. New York: Oxford University Press.

NOU 2003:19. 2003. Makt og demokrati. Sluttrapport fra Makt- og demokrati-utredningen. Oslo: Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Ressursgruppe for nynorsk som hovudmål 2012–2013. 2013. Sluttrapport. Lese 12.11.19 på:

https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/kd/rapportnynorskhovudmaal.pdf

Sandøy, H. 2004. Språkstyring og språkendring i Noreg. Politikk eller kulturelt hegemoni? I rapporten Nye veier i norsk språkpolitikk? Oslo: Norsk språkråd, 17–28.

Stemshaug, A. 2015. Å vere nynorskelev i ei bokmålsverd: ein kvalitativ kasusstudie av nynorskelevar sitt forhold til eige hovudmål. Masteroppgåve i norskdidaktikk. Trondheim: Høgskolen i Sør-Trøndelag. [Errata-melding frå redaksjonen 13. mars 2020: Denne referansen manglar i referanselista i sjølve artikkelen.]

Staalesen, P.D. 2014. Undersøkelse av nynorsk som hovedmål: Rapport 07/2014. Oslo: Utdanningsdirektoratet / PROBA Samfunnsanalyse.

Wold, I. 2018. Kvifor ikkje nynorsk? Mekanismar og årsaker. Ein metaanalyse av sju studiar om den nynorske lekkasjen i randsoner. Masteroppgåve. Trondheim: NTNU.

Øvrelid, I.N. 2014. Språkskifte ved tre vidaregåande skular i Møre og Romsdal. Påverknad og haldningar. Masteroppgåve i nynorsk skriftkultur. Volda: Høgskulen i Volda

Publisert
2020-01-13
Seksjon
Artikler om nummerets tema