Standardisert nettspråk i protest eller respekt?
Ortografiske avvik i politisk CMC
DOI:
https://doi.org/10.7557/17.5660Emneord (Nøkkelord):
CMC, nettspråk, moralsk panikk, ortografiske avvik, sosiale medium, samisk, samepolitikk, innvandringspolitikkSammendrag
Denne artikkelen er basert på ei kvantitativ undersøking av 1949 ytringar frå “Nordnorsk debatt” under valkampen i 2017. Eit sentralt funn er at nettspråket følger dei norske rettskrivingsnormalane monaleg meir i diskusjonar om samepolitikk enn om andre politiske tema. I det samla materialet har 54 prosent av ytringane minst eitt ortografisk avvik. Då bryt kommentaren eller svaret på Facebook med dei to norske rettskrivingsnormalane når språkbrukarane kortar ned på orda eller brukar teikn eller bokstavar på ein måte som er utanfor standarden i dei offisielle norske rettskrivingane. Då kan vi seie at norma i nettspråk om politikk er vidare enn den offisielle rettskrivinga. Denne overvekta av ortografiske avvik ser likevel ikkje ut til å vere skapt av språkbrukarar som ikkje meistrar standarden, og dei representerer neppe det mange oppfattar som språkleg forfall. Heller ikkje munnlegmarkørar som forsterkar prosodien eller viser oppøsing, dominerer i materialet. Det er derfor ikkje hald for å seie at slike ortografiske avvik er ikoniske eller at den konfronterande stilen er essensen i politisk CMC. I Facebook-diskusjonane om samepolitikk har derimot berre 44 prosent av ytringane ortografiske avvik. Artikkelen lanserer to alternative tolkingar av denne signifikant lågare delen ortografiske avvik. Den eine, og konsensusorienterte tolkinga, er at språkbrukarane i respekt for denne betente saka vel det mest nøytrale skriftspråket dei kjenner. Den andre, og konfliktorienterte tolkinga, er at dette er språkhandlingar som indekserer at ein vil vere lojal mot eller favorisere den norske kulturen og språket framfor den samiske. I så fall brukar debattantane, bevisst eller ubevisst, språkleg variasjon for å styrke det språklege hegemoniet til majoritetskulturen. I artikkelen argumenteter eg for den konfliktorienterte tolkinga, for det første fordi menn er sterkt overrepresenterte i desse debattane. Tolkinga blir ytterlegare styrkt i den siste delen av artikkelen, som samanliknar CMC i debattane om samepolitikk og innvandringspolitikk.
Referanser
Androutsopoulos, J. 2000. Non-standard spellings in media texts: The case of German fanzines. Journal of Sociolinguistics, 4(4), 514–533. https://doi.org/10.1111/1467-9481.00128
Androutsopoulos, J. 2011. Language change and digital media: A review of conceptions and evidence. I T. Kristiansen & N. Coupland (red.), Standard Languages and Language Standards in a Changing Europe. Oslo: Novus, 145–159.
Bakkevoll, G. 2019. “Mye tøv du skriv”: Språklege og semiotiske ressursar i politisk CMC. Masteroppgåve i nordisk språk. Tromsø: UiT Noregs arktiske universitet.
Bondevik, K.M. 2019, 9. oktober. Språklig søppel er en trussel mot demokratiet. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/meninger/kronikk/i/y3y8nE/spraaklig-soeppel-er-en-trussel-mot-demokratiet-kjell-magne-bondevik
Bucher, T. 2012. Want to be on the top? Algorithmic power and the threat of invisibility on Facebook. New Media & Society, 14(7), 1164–1180. https://doi.org/10.1177/1461444812440159
Enjolras, B., Karlsen, R., Steen-Johnsen, K. & Wollebæk, D. 2013. Liker, liker ikke. #sosiale medier, samfunnsengasjement og offentlighet. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.
Evjen, L.R. 2011. æ sitt med klump i halsen når æ skriv det hær: Dialekt i skriftspråket i debattforum knytt til tre norske nettaviser. Masteroppgåve i nordisk språk. Tromsø: Universitetet i Tromsø.
Hellevik, O. 1999. Forskningsmetode i sosiologi og statsvitenskap. Oslo: Universitetsforlaget.
Hjarvard, S. 2007. Sprogets medialisering. Språk i Norden, 38(1), 29–45.
Holmes, J. 2008. An Introduction to Sociolinguistics. 3. utg. Harlow: Pearson Longman.
Hougaard, T. & Balleby, L. 2019. Medialektale træk i digitale dialoger. Språk i Norden, 49(1), 7–23.
Irvine, J.T. & Gal, S. 2000. Language ideology and linguistic differentiation. I P.V. Kroskrity (red.), Regimes of Language: Ideologies, Polities, and Identities. Santa Fe, New Mexico: School of American Research Press, 35–84.
Jaffe, A. & Walton, S. 2002. The voices people read: Orthography and the representation of non-standard speech. Journal of Sociolinguistics, 4(4), 561–587. https://doi.org/10.1111/1467-9481.00130
Jaspers, J. 2006. Stylizing Standard Dutch by Moroccan boys in Antwerp. Linguistics and Education, 17(2), 131–156. https://doi.org/10.1016/j.linged.2006.09.001
Kloss, H. 1967. 'Abstand Languages' and 'Ausbau Languages'. Anthropological Linguistics, 9(7), 29–41.
Kutrovac, M. & Preus, A. 2018, 4. november. Ekspert: – Steng kommentarfeltene. TV2. https://www.tv2.no/a/10187756/
Lande, T.M. 2017. “My kjedelige grena i ol ass”: Stilistisk variasjon i en gruppe¬chat på Facebook. Masteroppgåve i nordisk språk. Tromsø: UiT Noregs arktiske universitet.
Lie, S. 2011. Det digitale språket. Oslo: Ling forlag.
Litt, E. 2012. Knock, Knock. Who’s there? The imagined audience. Journal of Broadcasting & Electronic Media, 56(3), 330–345. https://doi.org/10.1080/08838151.2012.705195
Marwick, A.E. & boyd, d. 2011. I tweet honestly, I tweet passionately: Twitter users, context collapse, and the imagined audience. New Media and Society, 13(1), 114–133. https://doi.org/10.1177/1461444810365313
Mæhlum, B. & Hårstad, S. 2018. Nasjonale og regionale identiteter. I T. Bull (red.), Ideologi. H. Sandøy & A. Nesse (hovedred.), Norsk språkhistorie. Bd. III. Oslo: Novus forlag, 245–326.
NESH Den nasjonale forskningsetiske komité for samfunnsvitenskap og humaniora. 2014. Etiske retningslinjer for forskning på Internett. https://www.etikkom.no/globalassets/documents/publikasjoner-som-pdf/forskningsetiske-retningslinjer-for-forskning-pa-internett.pdf
Rathje, M. 2018. Genre- og kontekstanalyse – Verbale kortformer i unges digitale tekster og skoletekster. I A.C. Stæhr & K.K. Mortensen (red.), Sociale medier og sprog. Analytiske tilgange. Frederiksberg: Samfundslitteratur, 93–120.
Rotevatn, A.G. 2014. Språk i spagaten. Facebook-språket. Om normert språk og dialekt blant vestlandselevar. Masteroppgåve i nynorsk skriftkultur. Volda: Høgskulen i Volda.
Sebba, M. 2007. Spelling and Society: The Culture and Politics of Orthography around the World. Cambridge: Cambridge University Press. https://doi.org/10.1017/CBO9780511486739
Silverstein, M. 2003. Indexical order and the dialectics of sociolinguistic life. Language & Communication, 23(3-4), 193–229. https://doi.org/10.1016/S0271-5309(03)00013-2
Språkrådet. 2019, 16. januar. Skriveregler. https://www.sprakradet.no/sprakhjelp/Skriveregler/
Statistisk sentralbyrå. 2017. Drøyt 1 av 4 tenkte på innvandring da de stemte. https://www.ssb.no/valg/artikler-og-publikasjoner/droyt-1-av-4-tenkte-pa-innvandring-da-de-stemte
Strand, S.E. 2018. “Hvis æ skriv bokmål te nån av trondheimsvennan mine så får æ kjeft for at æ har blitt så fin”: En sosiolingvistisk studie av språkbruk på Messenger. Masteroppgåve i nordisk språk. Trondheim: NTNU.
Stæhr, A. 2016. Languaging and normativity on Facebook. I K. Arnaut, M.S. Karrebæk, M. Spotti, & J. Blommaert (red.), Engaging Superdiversity: Recombining Spaces, Times and Language Practices. Bristol: Multilingual Matters, 170–195. https://doi.org/10.21832/9781783096800
Tagg, C. & Seargeant, P. 2016. Facebook and the discursive construction of the social network. I A. Georgakopoulou & T. Spilioti (red.), The Routledge Handbook of Language and Digital Communication. London: Routledge, 339–353.
Thurlow, C. 2006. From statistical panic to moral panic: The metadiscursive construction and popular exaggeration of new media language in the print media. Journal of Computer-Mediated Communication, 11(3), 667–701. https://doi.org/10.1111/j.1083-6101.2006.00031.x
Vangsnes, Ø. 2013. Språkleg toleranse i Noreg - Norge, for faen! Oslo: Samlaget.
Williams, R. 2006. Base and superstructure in Marxist cultural theory. I M.G. Durham & D.M. Kellner (red.), Media and Cultural Studies: Keyworks. Oxford: Blackwell Publishing, 130–143.
Woolard, K.A. 2008. Language and identity choice in Catalonia: The interplay of contrasting ideologies of linguistic authority. I K. Süselbeck, U. Mühlschlegel & P. Masson (red.), Lengua, nación e identidad. La regulación del plurilingüismo en España y América Latina. Frankfurt am Main: Vervuert/Madrid: Iberoamericana, 303–323.
Østerud, Ø., Goldmann, K. & Pedersen, M.N. 1997. Statsvitenskapelig leksikon. Oslo: Universitetsforlaget.