Variasjon og endring i sogndalsdialekten

Ei sosiolingvistisk undersøking av talemålet i Sogndal

Forfattere

  • Ragnhild Haugen

DOI:

https://doi.org/10.7557/17.4718

Emneord (Nøkkelord):

dialektvariasjon, dialektendring, sosiale faktorar

Sammendrag

I denne hovudoppgåva har eg undersøkt 9 fonologiske og 9 morfologiske språktrekk i sogndalsdialekten. Talemålstilfanget har eg fått gjennom samtalar med 30 tilfeldig utvalde sogndøler, 15 frå Sogndalsfjøra og 15 frå Sogndalsdalen. Alle samtalane vart tekne opp på kassett og deretter ekserperte av meg.

Sidan Sogndal på eit par generasjonar har gått frå å vera ei jordbruks- og fruktbygd til å verta eit kommunikasjons-, handels- og skulesentrum for heile Sogn, ville eg sjå om dette også viste att i språket. Eg ville ved hjelp av ein kvantitativ analyse finna ut om det var mogleg å påvisa variasjon mellom ulike sosiale inndelingar som kjønn, region, utdanning, yrkesgruppe, foreldrebakgrunn eller det å ha budd borte frå Sogn i to år eller meir. Eg ville også prøva å finna ut om det kan ha skjedd store endringar i sogndalsdialekten ut frå frekvensen av tradisjonelle og nyare belegg og ut frå alder.

Det viste seg at det berre var den sosiale inndelinga etter kjønn som gav store nok skilnader til å forkasta ein null-hypotese. På eit djupare nivå kom det fram at denne kjønnsskilnaden var størst for regionen Dalen.

For alle personane og belegga sett under eitt fekk eg ein gjennomsnittleg tradisjonsprosent på 78,4%, noko som tyder på at dei tradisjonelle talemålsformene i Sogndal held seg godt.

For tre variablar, variabel 3 /ø/ -/øy/ framfor palatal, som i <tykkja>, 14 /nd, ld/ - /n, l/, som i <skulle> og <kunne> og 18 /ei:/ - /i/, som i <inne> var det likevel dei nyare variantane som dominerte.

Ei inndeling i to aldersgrupper synte så mange signifikante utslag på aldersskilnad at null-hypotesen måtte forkastast. Dette gav størst utslag for regionen Dalen. Skilnaden mellom aldersgruppene var størst hjå dei kvinnelege informantane.

Resultata har eg dels forklart ved hjelp av sosiale og psykologiske faktorar og dels ved hjelp av språklege faktorar.

Nedlastinger

Publisert

1999-12-31